Om oss

Tindekvinner på Hornindalsrokken (1529 moh) en fin augustdag i 2014.
Tindekvinner på Hornindalsrokken (1529 moh) en fin augustdag i 2014.

Tindekvindene er eit ope forum for kvinner i alle aldrar som er glad i å ferdast i fjell og bestige tindar. Forumet vart oppretta hausten 2011 med mål om å inspirere kvinner til å oppleve og utforske den mektige og vakre Sunnmørsnaturen.

Gjennom Tindekvindene kan du få idear og tips til turar, og du kan få deg nye turvenninner. Tindekvindene ynskjer å bygge eit sterkt kvinnefellesskap der vi kan utfordre og hjelpe kvarandre til å sprenge grenser og nå nye mål. Drøymer du om stå toppen av Jønshornet eller Jakta og skode utover Sunnmørsalpane? Eller er det å klatre Bladet som er den store draumen?

Kvar enkelt må definere sine eigne mål. Naturopplevingar, samhald, spenning og meistring går hand i hand når du er med Tindekvindene på tur. Kvinner har bestige fjell før oss. Dei fyrste kvinnelege tindebestigarar gjekk på tur i stakk og kjole, noko som har inspirert oss til framheve det feminine på turane våre og skape eit varemerke for Tindekvindene.

Med kjole i sekken ynskjer vi å erobre fjell og pIante det kvinnelege på toppen.

|

Nrk Møre og Romsdal, 1.11.2015

Birgitte Fondevik var med å starta Tindekvindene
Foto: Jannicke Farstad
Birgitte Fondevik var med å starta Tindekvindene Foto: Jannicke Farstad

Tindekvindene trassa styggevêret

Tradisjon tru skifta Tindekvindene til kjole på fjelltoppen. – Det kjennest eigentleg mest som eit isbad, og er like herleg etterpå, seier Irina Sævik med knall blå kjole på toppen. No vil dei vil inspirere fleire kvinner til å bli med på høge fjelltoppar.

Tindekvindene er eit ope forum på Facebook som skal inspirere kvinner til å utforske naturen på Sunnmøre. Det starta med ein ide nokre jenter fekk då dei møtte eventyraren og ålesundsjenta Cecilie Skog i Molladalen i Ørsta.

– Mannen min er høgderedd, så eg ville alltid høgare opp enn han, seier Birgitte Fondevik.

I lag med blant andre Hilde Marie Nicolaisen vart det avgjort at dei skulle starte ei Facebook-gruppe for å få kontakt med fleire kvinner som ville bli med på tur. I dag har dei over 600 medlemmer, og Cecilie Skog er gruppas høge beskyttar.


Med kjole i sekken
Det har blitt mange høge toppar, nesten alltid med kjole i sekken. Det starta med at ei av jentene fekk ei utfordring av kjærasten sin.

– Ho skulle gjere som dei første kvinnelege klatrarane, nemleg klatre i skjørt. Da Hilde Marie Nicolaisen klatra på fjellet Bladet i skjørt var det gjort, det har blitt ei greie som vi syneat er morosam, seier Birgitte.

Blir som eit nytt menneske
Dagens turmål var Lisjedalshornet (1300 moh.) over Hjørundfjorden, men mykje vind gjorde at Keipen (944 moh.) vart eit litt meir realistisk. Frå Sæbø på Sunnmøre fekk dei ein fin start utan for mykje vind, det skulle endre seg litt lengre oppe.


Irina Sævik kjem frå Russland, og hadde aldri gått på fjellet før ho flytta til Ulsteinvik. For nokre år sidan fekk ho høyre om Tindekvindene og bestemte seg for å bli med. No har ho ikkje tal på kor mange fjellturar det har blitt.

I sommar blei ho saman med nokre andre av Tindekvindene, "Fjelldronning". Den tittelen får du når du går på dei gjævaste tindane i Romsdal.

– Vi støttar kvarandre. Kvar gong eg kjem heim frå tur er eg eit nytt menneske, det gir meg så masse, seier Irina Sævik.

Nesten som å isbade

Oppe på ryggen som går opp til Keipen er det iskald vind. For nokre dagar sidan var det snø her, no kjennest det som han snart vil komme tilbake. Det er her oppe jentene tar av seg hue og vottar. Når kjolen kjem på, er det mykje latter.

– Dette er vel kanskje ikkje heilt naturleg, seier ei av jentene når ho står der nesten utan klede.

– Kom igjen jente, det blir herleg etterpå, seier Irina Sævik. Ho veit kva ho snakkar om, dette har ho gjort mange gonger før. Det er nesten som å isbade, og du får den same herlege varme følelsen når kleda kjem på igjen.

Sjå heile reportasjen med bilde og video her: https://www.nrk.no/mr/tindekvindene-trassa-styggeveret-1.12632152

Journalist: JANNICKE FARSTAD / NRK

|

Intervju i iMORE.NO

Cecilie Skog (t.h) sa ja til å vere Tindekvindenes "høge beskyttar" promte på same turen til Molladalen for tre år sidan. Her ved sidan av Hilde Maria Nicolaisen.
Cecilie Skog (t.h) sa ja til å vere Tindekvindenes "høge beskyttar" promte på same turen til Molladalen for tre år sidan. Her ved sidan av Hilde Maria Nicolaisen.

Tindekvinner med feminint fellesskap på toppane
Dei går i fjellet, heiar kvarandre til topps, nyt gjerne utsikta i kjole, og fleire av dei likar å klatre. Vi har møtt to av pionerane for den raskt veksande facebookgruppa «Tindekvindene».
Asle Geir Widnes Johansen

Hilde Maria Nicolaisen og Birgitte Fondevik hadde nettopp klatra Romsdalshorn då iMóre møtte dei tidleg i september, tre år etter at ideen om Tindekvindene dukka opp hos ein venninnegjeng på tur i Molladalen.

– I september 2011 var vi fem damer på tur. Tre av oss hadde med telt. Målet vårt var Jønshornet, og vi skulle overnatte i Molladalen. På veg opp møtte vi sjølvaste Cecilie Skog med eit følgje. Der og då kom vi på at vi skulle organisere oss i ei gruppe og opprette ei facebook-side slik at vi kunne kome i kontakt med andre fjellinteresserte kvinner. Spontant spurde vi Cecilies Skog om ho ville vere gruppas «høge beskyttar», fortel Birgitte og Hilde Maria. Då dei kom heim frå turen, oppretta Birgitte facebookgruppa «Tindekvindene». Gruppa er lukka, men open for kven som helst. Det er berre å spørje om å få vere med.

– Vi ekskluderer ingen, men kravet er at du er jente, forklarer dei.
Etter at iMóre på nett og la ut ein video frå ein av turane, har det eksplodert. Interesserte kvinner har teke kontakt nesten dagleg. No er det nær 200 medlemmer.

Kvinnefellesskap
Hilde Marie og Birgitte fortel om det fine kvinnefellesskapet som har oppstått på turane deira. Dei var til dømes ni kvinner på Bladet i Ørsta. Hilde, som er klatreeksperten, klatra først og sikra dei andre, og så heia dei kvarandre fram.

– Vi sprenger grenser og opplever ei veldig meistringskjensle, smiler Birgitte, som verkeleg har fått smaken på klatring. Ho understrekar samtidig at du kan vere med i Tindekvindene utan å tore klatre. Ikkje alle turar treng vere lange, krevjande eller luftige. Dei skal ikkje berre ha dei ekstreme turane, men også kortare turar i nærmiljøet. Hos Tindekvindene vil du alltid finne nokon å vandre saman med. Det er eit faktum at klatring er in, og at vi ser konturane av ei kvinneklatrerørsle i Norge. Birgitte, som til dagleg jobbar ved Høgskulen i Volda, synest turane gir fin fysisk aktivitet. Samtidig kan du nyte Vestlandsnaturen. Austlandskvinna Hilde Maria flytta til Ulsteinvik nettopp på grunn av fjella og naturen. Ho er sjølv klatreinstruktør og har hatt fem-seks klatrekurs for kring 50 kvinner berre siste året. Gjennom desse kursa blir deltakarane sertifiserte med såkalla «brattkort». Skal du kome deg opp på nokre av dei tøffaste fjella, må du kunne klatre. Det er tilfelle om du til dømes ønskjer å prøve deg på tittelen «Fjelldronning». Det blir du ved å klatre sju utvalde fjell i Romsdalen. Hilde Maria er naturlegvis for lengst Fjelldronning, og Birgitte er godt i gang.

Kjolar på toppen
Forklar denne gimmicken med kjolar på toppane.

– For min del, fortel Hilde Maria, – starta det med at eg fekk eit kort frå kjærasten min, som er fjellguide. Han utfordra meg til gjere det same som klatrepioneren Therese Bertheau (1861-1936). Den første norske kvinnelege «tindebestigaren» klatra i skjørt. I dag ser vi at fleire kvinner gjer som henne. Hilde Maria tok utfordringa på strak arm og klatra Bladet med skjørt. Når Tindekvindene no er på tur, har dei med seg fine kjolar i sekken. Vel oppe på toppen, skifter dei på seg finstasen. Dette har dei ikkje berre arva etter pioner Bertheau. Dei har også sett dei flotte kjolebilda som fotograf Ma Ortiz frå Liadal har teke på diverse spektakulære toppar dei siste åra.

- No har vi adoptert dette. Med ein gong vi når toppen, tek vi på oss kjole. Det er med på å understreke det feminine i prosjektet vårt, seier dei to.

Kor mange har de vore på tur?

– Det variere frå tre-fire og oppover. På det meste til no har vi vore 18 kvinner. Det var på Hornindalsrokken.


Bilde og turforslag
Tindekvindene er ivrige til å dele foto frå turane sine. Facebooksida skal vere eit forum der du kan dele bilde og kome med turforslag. Dei legg og ut spørsmål om nokon vil vere med på tur den eller den dagen. Slik kan folk melde seg om det ønskjer det.

Har de eit mål der framme ein stad?

– Vi kan tenkje oss å få til ei tindekvindesamling ein gong i året, gjerne kombinert med ein tur. Så kan vi dra på kjolefjellfestival – eller skape noko liknande sjølve. Så vil vi skaffe oss ei eiga nettside med fast program for ulike nivå, ivrar Birgitte og Hilde Maria.
– Vi har fått oss eit nytt nettverk gjennom Tindekvindene, og vi ser at tiltaket kan inspirere kvinner til å setje seg høge mål, flytte grenser, bryte barrierar.

Kva med vinterstida?

– Det er nok lettast å få med folk på fottur. Men vi ønskjer å drive heile året. Så vi vil oppmuntre gruppa til å bli med på skitur om vinteren, avsluttar dei to tindekvindene.

http://www.imore.no/?c=36690&;;a=124769
 

|
Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka