Blåbretinden

1915.jpg

Høgde:   1476
Tid:   3 - 4 timar
Lengd:   4 km
Stigning:   1000 m
Start:   Trandal
Utstyr:   Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar.

Ver merksam:
Skredfare på vestsida av Skarabbvatnet. Moglege smelteprekkar siste bratta opp mot skaret.

Fin pausestad:
Ved Skarabbvatnet.

Særpreg:
Bratte brefall og skarpe egger omgir Blåbretinden i eit imponerande alpint terreng.

Krydder:
Middag på Christian Gaard. Husk å prøve den kjende reia.

Ta ferja til Trandal frå Lekneset, Sæbø eller Standal. Ta til venstre i første kryss. Følg bakkane opp Trandalen så langt du kjem (spade kan kome til nytte om det ligg fonner i vegen), i beste fall til Trandalsetra (hytte på dyrka mark). Parker her.

Følg venstre side av Tverrelvene opp til kanten, hald på austsida av Skarabbvatnet og ta så sikte på skaret, sør for toppen. Ta av skia ved skaret og gå til fots opp renna og dei siste metrane opp ryggen, til venstre, til toppen. Nedkøyring same veg.

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka