Dalmannshornet

dsc02630.jpg

Høgde:   1476 moh.
Tid:   4 timar til toppen
Lengd:   4 km
Stigning:   950 m
Start:   Svartevatnet
Utstyr:   Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar og stegjern og isøks etter behov.

Merksam på:
Fleire parti på turen er skredutsette, spesielt frå Kollskaret og opp mot toppflanken.

Fin pausestad:
Tindeskarvatnet

Særpreg:
Variasjon i terrenget. Formidabel utsikt mot Jakta, Slogen, Brekketindane.

Krydder:
Alternativ nedkøyring via paviljongen på Furset-sida, Stranda Skisenter. 

Parker på toppunktet av Rv 60 mellom Stranda og Sykkylven. Her er det ei stor lomme med plass til mange bilar. Fest skia på sekken og følg autovernet til ende, i retning Stranda. Følg ein grusveg til ei demning i botnen av Vassdalselva. Hald på austsida av elva i nokså bratt terreng opp til første flate.

Følg elvefaret opp forbi nokre småvatn der terrenget flatar ut, før du kjem til Tindeskarsvatnet på 995 moh. Hald nord for vatnet, opp til Kollskaret. Den bratte sida opp til toppflanken har ei helling på godt over 30 grader, og det kan vere nyttig med stegjern og isøks. Følg så austsida av toppflanken til toppen.

Nydeleg nedkøyring frå toppflanken, meir krevjande den bratte sida ned til Kollskaret. Frå skaret er det moderat køyring i kupert terreng ned til demninga.

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka