Kvitegga

kv_3.jpg

Høgde:   1717 moh.
Tid:   5 timar
Lengd:   6 km
Stigning:  1400 m
Start:   Nibbedalen
Utstyr:   Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar og skarejern ved behov.

Ver merksam:
Svaområde og elveløp. Det er svaberg inn mot Blåfjellet der det lett kan gå skred, så styr unna elvedalen, ver merksam på bresprekkar, brattbakken i 1200 meters høgd har ein hellingsvinkel opp mot 40 grader.

Fin pausestad:
Ved ca.1100 m høgde. Flott utsikt.

Særpreg:
Høgaste toppen i Sunnmørsalpene

Krydder:
Ein tur innom Villa Norangsdalen, det gamle turisthotellet frå 1885.

Parker på vegen mellom Tryggestad og Fivelstad. Frå parkeringa i Nibbedalen følgjer du ein sommarsti gjennom skogen før det opnar seg eit flott skiterreng oppover Snødalen. Ved 1100 meters høgde skrår du mot høgre (nord) i retning og i høgde med Blåfjellet. Her ifrå tar du fatt på det brattaste partiet av turen, opp i høgde med Kvanngrønibba, og følgjer ryggen i slakt terreng nordover mot toppen. Nedkøyring same veg.

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka