Nordre Sætretind

p1050207.jpg

Høgde:  1365 moh.
Tid:  4 timar til toppen
Lengd:  4 km
Stigning:  1050 m
Start:  Kraftstasjonen, Standaleidet
Utstyr:  Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar, isøks og stegjern

Ver merksam:
Skredfare i sida opp frå Fladalen, særleg når du nærmar deg toppen.

Fin pausestad:
Halvegs oppe og nyt utsikta mot Standal hornet.

Særpreg:
Flott nedkøyring ned Fladalen med utsikt til Hjørundfjorden.

Krydder:
Overnatte på Standalhytta. Om du er trygg på nedkøyringa, ta med ski heilt til toppen.

Parker ved kraftstasjonen om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet, i retning Standal og følg anleggsvegen opp til Fladalen. Eit stykke inn i dalen tar du opp til breen og følgjer den til eit tydeleg skar nord for toppen. Partiet før skaret er spesielt skredutsett. Skiløparar som køyrer ned frå toppen, kan løyse ut skred, så ver varsam.

I skaret er det vanleg å setje frå seg skia og gå på beina opp til neste skar. Dei siste metrane til toppen går i ei lita renna til venstre for skaret, og på dagar med hard snø/is er det nødvendig med stegjern og isøks. Ver varsam på veg ned topprenna. Nedkøyringa er berre å glede seg til.

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka