Randers`topp (1414 moh)

tindekvindene.jpg

Høgde:   1414 moh.
Tid:   4 timar
Lengd:   3 km
Stigning:   1400
Start:   Årsneset – Inste Årsnesdalen
Utstyr:   Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar og skarejern etter behov.

Ver merksam:
Skredfare fleire parti av ruta. Siste snøflanken til toppen har helling opp mot 40 grader. Mogleg bresprekk i 1150 meters høgde på Årsnesbreen. Skavl på toppen.

Fin pausestad:
Rysletta, slakt parti på Årsnesbreen, ca.1000 moh.
Særpreg: Ein fantastisk vårskitur, frå tare til tind. Nedkøyring med utsikt til Hjørundfjorden heile vegen om du er heldig med vêrforholda.

Krydder:
Klatre Bladet.

Parker ved fonnvernet sør for Inste Årsneset, fylkesveg 70 mellom Standal og Festøy. Vi valde ruta som går rett opp Årsnesbreen. Følg venstre side av elva oppover lia. Tar du turen som ein vårskitur må ein rekne med å bere skia på sekk eit stykke, omtrent til skoggrensa på 400 moh. Ute av skogen går du rett opp Årsnesbreen. Ver merksam på moglege bresprekkar.

Øvst på breen står det att ein kort, men bratt snøflanke opp til toppen. Nedkøyringa er bratt i øvste partiet, men blir slakkare og meir kupert nedover Årsnesbreen. Vi rår til ein tur bort om Bladet på vegen ned, tindenåla som er sjølve logoen til Molladalen. Klatringa opp er lett (grad 4), men luftig.

|
Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka