Skårasalen

bg_4_.jpg

Høgde:   1542 moh.
Tid:   3-4 timar til toppen
Lengd:   3 km
Stigning:   1050 m
Start:   Kvistadsætra
Utstyr:   Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar

Ver merksam:
Unngå å gå for langt aust på topp-platået/ ryggen, der det ofte er skavlar. Snøskavlen på toppen må møtast med varsemd. Det kan gå skred frå renna aust for Blåhornet mot setervegen og frå toppen ned mot setra.

Fin pausestad:
I høgde med skaret mot Lisje-Skåradalen

Særpreg:
Ei av dei mest storslåtte utsiktene over Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørund fjorden.

Krydder:
Nedkøyring til Skår og båt til Sæbø.

Ta av til høgre over bru ved skiltet Kvistad, 3 km vest for Sæbø. Køyr ca. ein kilometer langs grusveg til bommen ovanfor Kvistad-gardane. Snøtilhøva avgjer om du må gå dei 4 km til Kvistadsætra eller om du kan køyre bil heilt fram. Gå frå parkeringsplassen ved Kvistadsætra nesten til enden på setervegen. Følg stien til venstre opp gjennom lauvskogen og så fonnfaret i renna frå toppen. Du kan også gå sidebratt nord for renna for å unngå eventuell fonnfare.

Ved ca. 800 meters høgde tek du nordover, inn Blåhorndalen. Følg dalen i slakt terreng og ta etter kvart austover til du nesten når skaret mot Lisje-Skåradalen. Følg ein slakk rygg opp mot topp-platået, som endar i ein liten bakke like før toppvardane.

Følg same veg ned eller ned til Skår via Lisje-Skåradalen.

Lukk vindu
Klikk her for å kjøpe boka