Hornindalsrokken

15.jpg

Høgde: 1527 moh.
Tid: 4 timar til toppen
Lengde: 6 km
Stigning: 1126 m
Start: Hornindalsetra i Hornindal

Ver merksam:
Steinsprang i renna. Gå gjerne turen om hausten når det er minst snø.

Fin pausestad:
Ved vatnet Store Luka før oppstiginga.

Særpreg:
Eit fantastisk flott fjell å sjå på. Ser den heile vegen. Utsikt ned i Tyssevatnet, og utover Hjørundfjorden.

Krydder:
Stopp ved den vakre steinbrua. Kryp gjennom giftarsteinen/jomfrusteinen.

Køyr til Honndøla bru, som ligg på vegen mellom Hornindalen og Hellesylt, og inn til Hornindalsetra. Følg grusvegen inn Sæterdalen til du nærmar deg elva. Kryss elva, og gå til nordenden av vatnet Store Luka. Følg ei bratt renne som krev enkel, lett klyving i starten.

Når du kjem opp på kanten, skal du ikkje gå vidare oppover, men runde mot toppen frå baksida og ut på Rokken. Følg nordegga, som krev enkel klyving, til varden på toppen. Du går same vegen ned igjen.