Jakta

24.jpg

Høgde: 1588 moh.
Tid: 4 timar
Lengd: 5 km
Stigning: 1508 m
Start: Øye (Norang), Ørsta kommune

Ver merksam:
Følg skiltet til Jakta.

Særpreg:
Nydelig utsyn mot Slogen og Store Smørskredtind på veg opp heile Hjørund- fjorden og utsyn ned mot Stålberghornet frå 
toppen. Legg merke til steinen med hol i i steinura på veg mot toppen.

Fin pausestad:
I skaret med nydeleg utsikt ned til Viddal.

Krydder:
Ein dusj i fossen. Eit bad i Norangsfjorden etter turen. Ein vaffel med rømme og jordbærsyltetøy på Urke kaihus etter turen.

Frå Øye svingar du inn ved skiltet til Knutegarden og deretter følgjer du skiltinga til Jakta. Køyr så langt du kan opp mot fossen og finn ein plass å parkere bilen. Stien er tydeleg merkt og går aust for elva til du kjem til ein foss. Her er det lagt ut ein kjetting du kan halde deg i for å krysse elva. Følg deretter stien vest for elva opp og innover Konedalen, passer ein liten snøbre og gå inn i skaret øvst i dalen.

Opp frå skaret er det litt klyving. Startpunktet er tydeleg merkt med raudmåling. Følg så den lange steinura heilt til varden på toppen. Ned igjen same veg, men i staden for å gå om skaret, valde vi å ta brattbakken lengre nord.