Store Smørskredtind

14365499_10154187939667741_1415818547_n.jpg

Høgde: 1631 moh.
Tid: 4,5 timar til toppen (2,5-3 t.frå Patchellhytta)
Lengd: 5 km til toppen
Stigning: 1556 m

Rundtur:
Start: Skylstadbrekka frå Skylstad i Norangsdalen. Slutt: Via Langfonndalen på Urke

Utstyr:
Hjelm, ta med tau for å vere trygg

Merksam på:
Steinsprang. Vestegga kan vere sleip og glatt. 
Hald deg i høgda på vestsida av elva ned Langfonndalen.

Fin pausestad:
Patchellhytta der du kan koke deg kaffi 
og slå av ein prat med andre turgåarar.

Særpreg:
Mykje og utsett klyving.

Krydder:
Legg inn eit stopp ved Lygnstøyslsvatnet.

Gå frå Patchellhytta, opp på ryggen og i steinura opp mot Vestegga. Her er det ingen markert sti. Klyv til venstre for Vestegga, vel sti etter terrenget og følg små vardar undervegs. Hald deg på høgre sida av snøen i topp-partiet og klyv til varden. Du kan gå same vegen ned. Men vi valde ein rundtur og gjekk ned på sør-austsida. Også her må du lese terrenget, velje dei beste rennene, nokre vardar undervegs. Sikt på starten av steinura, og følg ura ned i dalen.

Stien frå dalen og ut til kanten av fjellet, er lite tydeleg og ligg litt i høgda. Her er det lett å gå feil. Stien dei siste 700 moh. er derimot tydeleg og merkt med måling gjennom skogen til du kjem ned på utmark. Følg grasvegen langs marka og ut på bilveg tilbake til Skylstad.