Hornindalsrokken

Turskildringa er henta frå Tindekvindeboka.

Høgde: 1527 moh.
Tid: 4 timar til toppen
Lengde: 6 km
Stigning: 1126 m
Start: Hornindalsetra i Hornindal

Ver merksam:
Steinsprang i renna. Gå gjerne turen om hausten når det er minst snø.

Fin pausestad:
Ved vatnet Store Luka før oppstiginga.

Særpreg:
Eit fantastisk flott fjell å sjå på. Ser den heile vegen. Utsikt ned i Tyssevatnet, og utover Hjørundfjorden.

Krydder:
Stopp ved den vakre steinbrua. Kryp gjennom giftarsteinen/jomfrusteinen.

Køyr til Honndøla bru, som ligg på vegen mellom Hornindalen og Hellesylt, og inn til Hornindalsetra. Følg grusvegen inn Sæterdalen til du nærmar deg elva. Kryss elva, og gå til nordenden av vatnet Store Luka. Følg ei bratt renne som krev enkel, lett klyving i starten.

Når du kjem opp på kanten, skal du ikkje gå vidare oppover, men runde mot toppen frå baksida og ut på Rokken. Følg nordegga, som krev enkel klyving, til varden på toppen. Du går same vegen ned igjen.

 

Hornindalsrokken er et landemerke av et fjell og lett å få øye på når du kjører veien fra Grodås mot Hellesylt. Turen starter ved Hornindalssetra. Turfakta: 6 km én vei og en stigning på 1126 m.

Cecilie Brungot hadde lenge drømt om Hornindalsrokken. Hun la ut melding på Facebooksidene til Tindekvindene og søkte etter turvenninner. Responsen var stor. Det var tydelig at flere hadde drømt om nå akkurat den toppen. Hele 18 tindekvinner ble med på turen en varm augustdag i 2014. (Foto: Hilde Maria Nicolaisen)