Skoddeleik og solnedgang på Hidsegga

Foto: Wenche Bjørkeng
Foto: Wenche Bjørkeng

Sunmmøre har alt, frå dei høge, kvasse tindane til dei låge, milde fjella langs kysten. Eit av desse milde fjella er Hidsegga (566 moh) som ligg heilt ute i havgapet. Hidsegga byr på fabelaktig utsikt over øyane og storhavet, og her får du orkesterplass til solnedgangen.

Tekst: Birgitte Fondevik  (publisert i  magasinet Heimebane, sommeren 2019)

Ein nydeleg varm maikveld møttest tindekvinner frå Volda, Ørsta, Ulsteinvik og Herøy på Gurskøya for å avslutte dagen med ein fjelltur. Det var to dagar igjen til Noregs nasjonaldag og bunadane var pakka i sekkane. Vi parkerte bilane langs hovudvegen på Hide i den vesle bygda Gjerdsvika. Tindekvinne Wenche Bjørkeng, busett i Gjerdsvika og lokalkjent i fjella i ytre, stod og ønskte oss velkommen.  Ho var utnemnt som turleiar denne kvelden og hadde lagt opp ein rundtur til oss. Mange ruter fører opp til Hidsegga, men vi skulle vi gå den bratte ruta frå Hide.

Vi starta med å følgje ein skogsveg 1 km innover Hidsdalen. Langs vegen voks der store mengder ramslauk, og vi kunne kjenne kvitlaukslukta då vi passerte. Etter vel ein kilometer på skogsvegen tok vi til venstre ved skiltet Hidsegga. Vidare var det berre å følgje den tydelege stien oppover ryggen. Det fine med å gå ryggen er at ein har nydeleg utsikt heile vegen opp. Praten gjekk om laust og fast medan sola varma godt der vi gjekk i ly for vinden. Det tok ikkje lang tid før den første kvinna stoppa for å kle av seg eit lag med genserar.

Eit stykke før toppen førte Wenche oss vekk frå hovudstien og inn på ei rås ut på nokre graskledde ryggar. Eit spennande alternativ som baud på luftig og nydeleg utsikt. Under oss såg vi rett ned på vegen og fyret på Hidsneset. Vi var samstemte om at denne ryggen var ein utmerkt stad å lufta bunadane.  Medan vi stod der og festa sølvet på bunadsskjortene våre, song nasjonalsongen og knipsa bilde, såg vi skodda kome sigande innover frå havet.  Den leika seg under oss, og la seg som hattar over Nerlandsøya, Bergsøya og dei andre øyane.

I staden for å gå tilbake på hovudstien, kleiv vi ryggen vidare rett opp til toppen av fjellet. Derifrå flata det ut, og vi rusla bort til den store varden. Toppartiet er stort og flatt og med formidabel utsikt til Stadtlandet, storhavet og alle øyane. Særleg øya Skorpa er fin herifrå. Nå kunne vi sjå at skodda låg tjukk innover fjordane, og nokre av damene fekk bekymra meldingar frå heimane med spørsmål om vi sto faste i skodda. Men Hidsegga og Gjerdsvika lå bada i sol, skodda klarte ikkje å runde Hidsneset.

I staden for å gå same ruta ned, følgde vi egga vidare til Grøthornet og til den nye gapahuken på Tverliskaret. Ein perfekt stad å ete kveldsmaten og nyte kveldssola som framleis varma. Her kunne vi ha vore lenge, men vi måtte vidare og rusla over fjellryggen ned til Trolltua. Sola vart stadig raudare heilt til ho forsvann ned i skodda i halv elleve-tida. Stien førte oss tilbake til skogsvegen og Hide der bilane sto parkerte. Til saman målte vi turen til 10 kilometer, 600 høgdemeter og innskriving i heile 4 turbøker. Tindekvindene var strålande nøgde med den nydelege rundturen, nye fjellvenninner, god prat, mykje latter og moro, og ikkje minst takksame for den flotte naturopplevinga med både skoddeleik og solnedgang.

Foto: Wenche Bjørkeng, Hilde Maria Nicolaisen, Lillian Sætre, Nina P. Ullaland og Birgitte Fondevik